Informasjon om Korona-pandemien

Informasjon frå Aurland kommune

I Aurland kommune føl vi dei nasjonale reglane. Vi har ikkje lokale regler i tillegg.

Dei nasjonale reglene gjeld frå dato sett i linken nedanfor på oppdatert informasjon.

Vi ynskjer å presisere og forenkle nokre punkt i dei nye reglene og anbefalingene som er iverksett.

Vi er anbefalt å halde oss heime og ikkje reise på ferie eller feriebesøk. Korkje innanlands eller utanlands.

Bygdevandring

med omvising i Undredal stavkyrkje

Bygdevandringa startar frå resepsjonen / T- info ved Fjordkafeen går gjennom det gamle bygningsmiljøet i sentrum, langs elva opp til kyrkja og endar opp med omvisning i Undredal Kyrkje, som er nord-Europa si minste kyrkje, ei stavkyrkje frå år 1147.

Important information

Due to the coronavirus situation hotels, attractions, ski resorts, and venues are now closed, and most activities and events are cancelled. Please check the relevant home pages for more information.

If you have questions about the coronavirus (COVID-19) while travelling in Norway, please call the national information telephone at (+47) 815 55 015.

If you are experiencing symptoms like fever, sore throat, chest pain and breathing difficulties, please stay in your hotel room and contact guest service by telephone or call the 24-hour Norwegian medical service at 116 117 for guidance and assistance.

You can also find more information on these pages:
European Centre for Disease Prevention and Control (ECDC) World Health Organization (WHO)

Som omtalt i

Besøk Undredal

«Ein forunderleg dal»

Eg kjenner ein dal, ein forunderleg dal
som munnar ved fjorden og Fjellmannskor smal
Der fjelli stig høgreist mot himmelen klåre
til vern og til vakthald mot heimane våre.

1. verset av Undredalssongen

SERVERING

Undredal Bryggje

Lunsj og middag
- Kje som steik med raudvinsaus, poteter og lett dampa grønsaker
- Kje i gryterett eller pizza
- Viltbollar, av rein og hjort
- Dampkokt laks og andre fiskerettar
- Fiskesuppe med kvit og raud fisk
Smårettar
-Vaffel, pannekake med kvit eller brun geitost, syltetøy, rømme
- Heimelaga eplekake med iskrem og vaniljesaus
Kuleis og andre kioskvarer

MENY

Vår spesialitet

Vår spesialitet er rettar basert på lokalt kjekjøt (kjøt av unge geitekillingar) Og sjølvsagt
er geitost ein viktig ingrediens i menyane.

- 1, 2 og 3 rettars menyar med kje, viltbollar, laks, vegetar
- Suppe og dessert
- Pizza med kjekjøt, skinke, biff, pepperoni, geitost eller vanleg pizzaost
- Buffet med lokal geitost, spekepølse, flatbrød, rømme, m.m. som forrett eller smaksmeny
- Kaffe, te, varm sjokolade

Me tilbyr også mellom anna ostetallerken, andre småretter, kioskvarer og mykje meir.

GEITOST-SENTER
«ELDHUSET – house of cheese»

Verdensberømd geitost

Eldhuset er eit senter for den lokale støls- og geitosttradisjonen. Der har me samla utstyr og reiskap frå tidlegare ystemiljø og sjølv om det ikkje er aktiv produksjon der prøver me å presentere aktiviteten som var vanleg på stølane før, kultur, arbeid og levemåte der ein utnytta det naturlege ressursgrunnlaget i eit brattlendt område.

Smak ostane og lær om korleis ein lager verdskjend ost. Sjå korleis kvit geitost blir modna. I eit program / kåseri tek Leif Inge deg med inn i osten sitt rike. Du kan lære om ysting i gamle dagar og dagens moderne ystemetodar og om kulturlandskapet i verdsarvområdet.

HISTORIA

Stølane og stølsysteriet i dag

I Undredal er det å lage ost uløyseleg knytt til bygda sin identitet. Så langt attende vi kan spore og fram til i dag har det utan opphald blitt laga ost av eiga mjølk.

LEILEGHEITER

Overnatting i Undredal

4 store leilegheiter ved fjorden med kort avstand til sentrum av Undredal.

Krossen 1:
Toppetasje rett inn frå tunet, 2 soverom, 4 sengeplasser, badstu / sauna Sjå leilegheit

Krossen 2:
Underetasje med utvendig sti ned til inngang, 3 soverom, 6 sengeplasser Sjå leilegheit

Krossen 3:
Toppetasje rett inn frå tunet, 2 soverom, 4 sengeplasser, Sjå leilegheit

Krossen 4:
Underetasje med utvendig trapp ned til inngang, 3 soverom, 6 sengeplasser Sjå leilegheit

GAPAHUK

Høgt til fjells

For overnatting i gapahuk høgt til fjells, kontakt Fjord- og fjelldraumar
https://www.facebook.com/fjordogfjelldraumar/

FASILITETAR

Når du overnattar hjå oss

- Gratis parkering

- Privat terrasse / uteområde for kvar leilegheit

- Fullt utstyrt kjøkken

- Bad med klesvaskemaskin

- Gratis wifi, kabel TV

CAMPING

Ein trivelig camping

Undredal camping er eit lite camping område for vogner og telt i sentrum av Undredal, nær kai, kafe / resepsjon og daglegvarebutikk.

- Gode sanitærfasiliteter med toalett og dusj, samt rom for oppvask (ikkje kjøkken)

- For klesvask og tørk, kontakt resepsjonen

- Wifi

- Aktivitetstilbod som shuffleboard og dart i kafeen

Arrangement & Program

Stølsdag på Langhuso med servering av tradisjonsmat som rommagraut og mylse m.m. laurdag 29. juli kl 12:00 – 16:00
Laurdag 17. juni ca. kl 20:00 Underhaldning og dans på bryggja
Laurdag 15. juli kl 21:00 Longhorn med fullt 8 manns band spelar opp til dans ute på bryggja

Aktivitetar

Fjordsafari

Fjellturar

Fjordcruise

Rallarvegen

Flåmsbana

Nærøyfjorden

OM OSS

Opplev Undredal AS ( Visit Undredal ) er ei familiebedrift starta i 1999 som ein avdeling av Underdalsbui ( Nærbutikken Underdal ).

Underdalsbui vart starta i 1919 og 3. generasjon av familien dreiv den fram til 2019 då drifta vart overdrege til andre som fører drifta vidare..

Me markerte 100 års jubileum 23. mai 2020. Frå starten i 1999 var Opplev Undredal eit visningsenter for den lokale geitost- og stølstradisjonen. I 2005 utvida me med eit serveringstilbod og drifta vart etablert som eige føretak AS.

Me baserer våre menyar på lokale tradisjonar og råvarer og prøver å gje våre gjester ein smak av den lokale tradisjonen i ein god atmosfære i eit roleg miljø ved fjorden.

Frå juni 2021 er kafekonseptet utvida og namnet endra til Undredal Bryggje. Velkomen til oss!

Natalia og Leif Inge Underdal (Vertskap)
Anja og Lisa Jensine

Åpningstider

Undredal Bryggje med besøssenteret Eldhuset ope Kvar dag: 12:00 – 19:00
Vårt kafe-uteområde er ope heile døgret så du er velkomen til å sitte der og nyte
utsikta til fjorden.

5746 Undredal

Telefon : +47 950 39 881

info@visitundredal.no

For booking:

booking@visitundredal.no