underhaldning

SIGRIDMoldestad  AASMUNDNordstoga  & SVER

“ Eit samarbeid av overskot og glede”, kallar Aasmund Nordstoga, Sigrid Moldestad og gruppa SVER samarbeidet sitt.  Det som byrja som ein bestilt festivalkonsert vart så vellukka og moro at dei valde å fortsette. Dei ekslusive konsertane dei gjer saman går det allereie rykter om, og i Mars kjem singelen “Det var du” før dei igjen vil sette farge på festivalsommaren.  

Kvar for seg har dei mange år bak seg som nokre av dei fremste artistane på folkscena. Sigrid Moldestad har dei siste åra spelt og sunge seg inn i hjarte og sinn til publikum over heile landet. Med platene «Taus», «Sandkorn», «Himlen har sove bort mørkret» og «Brevet til kjærleiken» har ho sidan 2007 plassert seg langt inn i den norske folkesjela.
Aasmund Nordstoga kjenner dei fleste til gjennom mange musikalske prosjekt opp gjennom åra, og etter at platene «Ein visefugg» og «Friaren» – med Abildsø Spelemannslag som backing – fekk fleire radioslagerer, vart bonden frå Vinje i Telemark allemannseige.
Det norsk-svenske folkrockbandet SVER baserer det musikalske universet og den utovervende spelestilen sin på norsk fele- og hardingfeletradisjon, og når låtane har gått gjennom SVER–maskineriet, vert resultatet musikk som vekslar frå det drøymande og lyriske til det storslåtte og djevelsk svingande.

Singelen “Det var du” som dei no gjev ut saman er basert på diktet “Bergteken” av Jan-Magnus Bruheim (1914-1988), ein song Sigrid Moldestad aldri fullførte då ho gjorde diktplata med Bruheim-tekstar i 2014. “Det er ein song som har venta på den rette stemninga og uttrykket. Saman med SVER & Aasmund fann songen heim og det vart enkelt å fullføre den,  seier Moldestad. Dei beskriv songen som ein folkyswingande glad duett i kjærleikens teikn.

Sigrid, Aasmund og SVER har halde konsertar saman som det går rykter om. Den svensk-norske gjengen sette mellom anna publikumsrekord på Kvemmadokkje i Hardanger sumaren 2016, -og det i styrtregn!  I Røros var dei også fornøgde: «Det ble en opphetet stemning i lokalet, med tilbakevendende stående trampeklapp da sangduoen og musikerne i Sver skulle gå av scena.» ( Arbeidets Rett)

Gruppa er eit slags folkemusikalsk kinderegg!

Sigrid Moldestad – vokal, hardingfele og fele
Aasmund Nordstoga – vokal
Olav Luksengård Mjelva – fele og hardingfele
Anders Hall – fele, bratsj
Leif Ingvar Ranøien – toradar
Adam Johansson – gitar
Jonas Østbyhaug – bass
Jens Linell – trommer

Kontakt & BOOKING:  www.kulturservice.no   gunnar@kulturservice.no  Tlf. 90624850

SMS: Olav Mjelva 98401573 Sigrid Moldestad 90177 102