Underdalsbui tilbyr

Geitost fra Undredal

Vi kan no levere :

  • Trad. Kvit Geitost frå Undredal (usalta) Sognekvitost
    • Nylagra ost, mogna 5 – 12 veker
  • Lett salta Kvit Geitost frå Undredal
    • Nylagra ost, mogna 6 – 12 veke

Frå Undredal Stølsysteri

og Fersk Brun Geitost

frå to lokale produsentar  Undredal Stølsysteri og Erna Underdal Skarsbø

Dessutan har vi

  • Spekpølse av geit

Dette er spekepølser som er laga uten innblanding av anna kjøt eller spekk, og uten krydder og konserveringsmiddel. Dei er laga på tradisjonelt vis med salting, røyking og turking av Evanger Pølsefabrikk av kjøt frå Undredal.

  • Mellomlagra ost, mogna 3 – 6 mnd
  • Vellagra type over 6 mnd

Kan vi diverre ikkje levere no, men vil truleg bli leveringsklare i november – desember.

PRODUKTINFORMASJON GEITOST

Produsent er Underdal Stølsysteri – nytt moderne ysteri – basert på tradisjonelle prinsipp for ysting med i utgangspunkt i fersk upasteurisert råvare/ geitemjølk. Ysteriet er lokalisert på ein av stølane i Undredal og starta produksjonen i februar 2003. Det er det einaste ysteriet i Noreg med full autorisasjon for produksjon og sal av kvit geitost av upasteurisert geitemjølk.

KVIT UNDERDALSGEITOST

Kvitosten er “den eigentlege geitosten”. Den er laga av ostestoffet i fersk upasteurisert heilmjølk av geit – 100 % – altså heilt utan tilsetning av fløyte frå ku. Av denne osten vert det no laga to variantar – begge er faste ostar:

KVIT GEITOST UTAN SALT  -  SOGNEKVITOST

mogna etter lokal tradisjon med grå hyvekst. Dette er den originale kvite Underdalsosten etter Sognetradisjonen.

KVIT GEITOST LETT SALTA – KVIT UNDREDAL

Denne osten er ein meir kontinental variant av kvit geitost, vaska med saltvatn under mogning og lagra i eit miljø utan hyvekst (muggkultur). Den er lett å kjenne igjen med si raud/gule overflate. Den lettsalta kvite Underdalsosten har fått mange prisar ved smaks – utstillingar. Kvit geitost vert vanlegvis no levert utan at hyveksten på overfata/ skorpa er fjerna, då det gjev betre haldbarheit på osten. Heil ost om lag 1,5 – 1, 6 kg og 3 kg, men vi kan levere mindre stykke etter ynskje. Merka med produktetikett med varedeklarasjon, mogningskategori og produksjonsdato. Mogning. Det er mogninga av kvitosten som gjev smak til osten, vi har no 3 mogningskategoriar, jfr. prisoversyn ovanfor. Den mellomlagra kvite geitosten er “mellomsterk” i smaken, ikkje mild som den nymogne osten, men heller så ikkje så aromatisk som den vellagra. Lagring. Osten skal lagrast på kjøl og vernast mot utturking. Datomerking: Best før 3 månader frå produksjonsdato. Men dersom voksen er uskadd er den eit fullgodt produkt langt lengre. Under lengre lagring vil den bli sterkare i smaken og turrare i konsistensen.

BRUN UNDERDALSGEITOST

Dette er den velkjende “Underdalsosten”, kokt av fersk geitemyse og 10 % fløyte frå kumjelk. Den brune Underdalsosten har òg fått mange prisar ved smaks – utstillingar. Det vert òg laga ein geitost spesielt for folk med mjelkeallergi. Den er kokt av 100% fersk geitemyse, altså heilt utan fløyte frå kumjelk. Denne osten har mindre feittinnhald, er litt turrare i konsistensen og smakar litt meir av «geit». Kanskje eit alternativ for langt fleire enn dei som balar med allergi? Lagring. Denne osten er voksa, og skal lagrast på kjøl. Datomerking: Best før 3 månader frå produksjonsdato. Men dersom voksen er uskadd er den eit fullgodt produkt langt lengre. Vanleg storleik på osten er 1,5 kg, men den kan leverast både større og mindre. Porto/ frakt kjem i tillegg til desse prisane.  Vi sender som Servicepakke i Posten. Vi legg med faktura og bankgiro i pakken.

VELKOMEN SOM KUNDE HJÅ OSS!