Archive for the Category » Uncategorized «

Musikkhelg i Undredal

onsdag, august 11th, 2010 | Author: Leif Inge

Eldhuset på bryggja

Fredag 13.aug. kl. 20:30
Trubadurkveld more…

Category: Uncategorized | Comments off

Geitost frå Undredal

onsdag, januar 06th, 2010 | Author: Leif Inge

KVIT GEITOST er ein ost som skal mognast, så den er på sïtt beste no. Undredal Støslysteri lagar to variantar av DEN KVITE GEITOSTEN – den tradisjonelle usalta (Kvit Undredal) og salta ost (Sognekvitost). Vi kan no tilby mellomlagra og vellagra ost av begge variantar. Desse ostane er like gode til pålegg som til  matrettar.

BRUN UNDREDALSOST og NYLAGRA KVIT GEITOST er sluttselt for seseongen. Ny produksjon startar opp i månadskiftet februar – mars. Då kan me raskt levere brun geitost. Den kvite treng minimum 6 veker mogning før den er leveringsklar.

Category: Uncategorized | Comments off

Tur til Undredal?

onsdag, januar 06th, 2010 | Author: Leif Inge

Ro og fred – ein oase for avkobling og mental “defragmentering”.  Lat deg oppsluke av snøkledde bratte fjellsider, svak klukking frå ei tilfrosen elv eller svartstill fjord.

Kva med ei roleg skitur på den gamle stølsvegen til stølen Langhuso 2 – 3 km med lite stigning?

Me har gunstige prisar på rom og leilegheiter.

Resepsjon vinterstid er i den lokale landhandelen med den velkjende  Undredalsosten, open måndag – laurdag.

Kontakt oss på telefon eller epost .

Velkomen til Undredal !

Category: Uncategorized | Comments off

Spekepølse av geit frå Undredal

fredag, november 27th, 2009 | Author: Leif Inge

100% geitekjøt, utan krydder og konserveringsmiddel. kr 345,- pr kg

Category: Uncategorized | Comments off

Ny ostehøvel

fredag, november 27th, 2009 | Author: Leif Inge

Spesiallaga Ostehøvel for Brun Geitost, med Undredal-logo!

Utvikla av Norges eldste ostehøvelprodusent Bjørklund i samarbeid med oss.

- Klebefritt stål

- Rett og tynt snitt

- Oppvaskmaskin-sikker

Same type for KVITOST, med bølga snitt for tjukkare skiver.

(i salg i byrjinga av desember)

Pris: 199,-  for begge varianter!

Category: Uncategorized | Comments off

Litt om Undredal

fredag, november 27th, 2009 | Author: Leif Inge

Undredal er kjent for mange som “geitostdalen”. Det har sin bakgrunn i ein ubroten tradisjon med stølsdrift og ysting av geitost. Vi har i fleire generasjonar vore distibutør av geitosten både engros og til forbrukar, og våre tilbod ber preg av at geitosten framleis er det viktigaste produktet. Etter at Undredal fekk vegsamband med omverda i 1988 er det mange tusen som vitjar bygda vår kvart år. Vi prøver å utvikle tilbod til dei både på oppleving av vårt lokale miljø, kultur og tradisjonar og på produkt dei kan ta med seg.

Er du ute etter ein av våre mange variantar av geitost frå Undredal Stølsysteri til dagleg bruk i husholdningen eller som presang til ein god ven, til dine medarbeidarar eller kundar, så har vi produkt pakka og tilpassa slike føremål.

Eller kanskje du leitar etter eit godt reisemål for familien eller eit lag/ organisasjon? Vi kan ta imot dykk med program/ presentasjonar av lokale tradisjonar med utgangspunkt i geitosten, og servere alt frå smaksmenyar til lunsj og middag.

Vi vonar du finn noko interessant i menyen vår, og tek gjerne imot både bestillingar, tilbakemeldingar/ kommentarar.

Velkomen til oss!

Natalia og Leif Inge Underdal – vertskap

NB Informasjon om omvisning i Undredal Stavkyrkje finn du under lenka: Undredal Grendalag & Bygdeutvikling

Du finn også informasjon om gratis behandling i Undredal for mennesker og dyr : Undredal Eteropati

Category: Uncategorized | Comments off