Start \
  • Leilighetene \
  • Hus #1 - Underetasje
Velg side

Leilegheit i under-etasjen. 8 meter gangsti frå parkeringsplass til inngang leilegheit.

Denne leilegheita i Undredal, plassert på eitt plan, skilter med eineståande utsikt over fjorden frå både vindauge og ei romsleg terrasse. Med 6 sengeplassar fordelt på 3 soverom, to med dobbeltsenger og eitt med to enkle senger, er det rikeleg plass for familier eller grupper.

Kjøkkenet er fullt utstyrt for matlaging, med kaffetrakter, vasskoker og brødrister, samt servise og bestikk for 6 personar. Stova har eit spisebord for 6, ein koselig sofagruppe, TV med internasjonale kanalar og gratis WIFI.

På kjøkkenet finn du òg basisvarer som kaffi, te, matolje, salt og sukker. Baderommet, kombinert med vaskerom, er utstyrt med badekar, toalett, vaskemaskin, tørketrommel og hårføner, i tillegg til nødvendigheiter som sjampo og balsam. Sengetøy og handkle er inkludert i prisen.

Moglegheit for å reservere leilegheita saman med etasjen over, noko som gir totalt 10 sengeplassar, to bad og tre toalett. Beliggenheita er ideell, berre ein fem minuttars gange frå sentrum av Undredal, der du finn ein daglegvarebutikk open året rundt og ein sommaropen restaurant kjent for sin lokale støls- og geitosttradisjon. I nærleiken finst det òg ein offentleg badestrand, moglegheiter for båt- og kajakkutleige, samt ulike guidetilbod.

Spesifikasjoner

Areal 80 m2
Soverom 3 stk
Bad 1 stk
Sengeplasser 6 stk

Sjekk tilgjengelighet på ønsket dato. Oppdaterte priser og online booking. Ta kontakt om noe er uklart.