Eldhuset 2011

Undredal Visningsenter Eldhuset
startar sesongen 1. mai  og ynskjer velkomen til:

  • Visningsenter for Undredalsosten & Kulturlandskapet i verdsarvområdet
  • Eldhuset Kafe
  • ostebutikk med utval av lokal ost, og andre variantar av upasteuriserte ostar ( råmjelksost)

Visningsprodukt:
Program, smaksmenyar og utstillingar

NYTT I ÅR:  Utvalgt vin og øl til ulike variantar av ost

Servering:
Alt frå smårettar til lunsj og 3-rettars selskapsmeny

Ostebutikk:
Stort utval av norske og importerte upsteuriserte ostar og sjølvsagt GEITOST FRÅ UNDREDAL STØLSYSTERI

Resepsjon for overnatting

Selskapslokale
Me kan ta imot selskap, familietreff, blåturar og andre firmafestar på dag- og kveldstid, inntil 50 pers. inne og 90 personar ute.

Me kan òg tilby musikk og underhaldning.

Større tilskipingar

Fredag 24. juni kl. 21.30

Me opnar bryggjedanssesongen med rockabilly og countrybandet ”Twang Gang” som mange fekk oppleve under Forsmaken i fjor. Ein rasande festleg gjeng med musikk både for dansefoten og øyra.

Bill.: kr. 200,-.

Laurdag 2. juli. Kl.21.00

Musikkprogram med vestlandshumor ispedd ein og annan ”drammensar” med dei tre trubadurane Olaf, Øystein og Leif Inge. Dansemusikk frå kl. 22.30 med utvida band. Bill.: kr. 150,-.

Laurdag 23. juli kl. 21.00

KONSERT med Aasmund Nordstoga DUO. Dansemusikk: Leif Inge og kompisane frå kl 22:30.

Billett for konsert og dans kr. 250,-.

29. – 31. juli

Geitostfestival i regi av Undredal Ungdomslag og Undredal Grendalag.

I tillegg til oppsett sommarprogram vert det trubadurkveldar innimellom.