Litt om Undredal

Undredal er kjent for mange som “geitostdalen”. Det har sin bakgrunn i ein ubroten tradisjon med stølsdrift og ysting av geitost. Vi har i fleire generasjonar vore distibutør av geitosten både engros og til forbrukar, og våre tilbod ber preg av at geitosten framleis er det viktigaste produktet. Etter at Undredal fekk vegsamband med omverda i 1988 er det mange tusen som vitjar bygda vår kvart år. Vi prøver å utvikle tilbod til dei både på oppleving av vårt lokale miljø, kultur og tradisjonar og på produkt dei kan ta med seg.

Er du ute etter ein av våre mange variantar av geitost frå Undredal Stølsysteri til dagleg bruk i husholdningen eller som presang til ein god ven, til dine medarbeidarar eller kundar, så har vi produkt pakka og tilpassa slike føremål.

Eller kanskje du leitar etter eit godt reisemål for familien eller eit lag/ organisasjon? Vi kan ta imot dykk med program/ presentasjonar av lokale tradisjonar med utgangspunkt i geitosten, og servere alt frå smaksmenyar til lunsj og middag.

Vi vonar du finn noko interessant i menyen vår, og tek gjerne imot både bestillingar, tilbakemeldingar/ kommentarar.

Velkomen til oss!

Natalia og Leif Inge Underdal – vertskap

NB Informasjon om omvisning i Undredal Stavkyrkje finn du under lenka: Undredal Grendalag & Bygdeutvikling